Hei, og velkommen til underviserprofilen min!
Eg er ein aktiv og blid gut på 21 år som er veldig glad i menneske. Eg elskar sport, friluftsliv og alt som er kreativt! Eg blir glad når eg får lære noko nytt, men også når eg får moglegheita til å lære noko bort.
Som undervisar er tålmodigheit mi sterkaste kvalitet. Eg har alltid likt å hjelpe søsken og venner med lekser og oppgåver. Eg synest det er fint å kunne bruke god tid på eit tema som kan vere utfordrande. Eg liker å finne nye og kreative måtar å forklare ting på, slik at eleven ikkje berre lærer, men også får ei djupare forståing av temaet.
Eg ønskjer å undervise hos GoTutor fordi eg sjølv er glad i å lære og forstå nye ting. Gjennom å lære bort veit eg at mi eiga forståing av faga også vil bli djupare. Eg får moglegheita til å gå inn i ei utfordrande og lærerik rolle, der eg kan vere både sosial og kreativ.
Eg gler meg til å bli kjend med den kommande eleven min!