Hei!
Eg heiter Håvard og kjem frå Nordfjord. No studerer eg til å bli lærar for 5.-10. trinn på NLA i Oslo. Eg er glad i å vere aktiv, vere med vennar og drive med idrett. Å arbeide med born og unge har i fleire år gradvis blitt mi aller største interesse.
Som person er eg dedikert, trygg og stødig. Eg er glad i menneske og omsorgsfull. Har mykje erfaring med å bygge relasjon til unge og møte dei der dei er. Er tilpasningsdyktig og arbeidsam.
Det siste året har eg arbeidd som ringevikar på Huseby skole. I 1,5 år har eg vore tilsett i Acta og arbeidd med leir- og lokallagsarbeid for aldersgruppa 4-19 år i Nordfjord. Det har bestått av lagsbesøk og hovudansvar for arrangering av 6-8 leirar i året. Før det var eg eit par månadar i Kambodsja og besøkte fleire lokale bistandsarbeid knytt til idrett og ungdom. I tillegg har eg arbeidd i heimesjukepleien ein sommar og vore leiar på fleire titals leirar. Erfaringane har gjort meg tryggare i rolla som vaksen og leiar.
Eg har klart meg godt i 13 år med skule sjølv, med grunnskule i 10 år og idrettslinje i 3 år på VGS. No på lærarstudiet tar eg faga matematikk, kroppsøving, samfunnsfag og KRLE. Eg har erfaring frå leir, praksis og vikarjobb med elevar/unge med ADHD, dysleksi, Asperger, lærevanskar og fysiske funksjonshemmingar.
Eg har eit stort ønske om å vere ein ressurs for dei unge. Det er grunnlaget mitt for å bli lærar. Som lærar får eg mykje tid saman med elevane og spelar ei stor rolle i kvardagen deira. Det er eit stort ansvar og eit meiningsfullt arbeid.
Eg er veldig glad for at eg får jobbe i GoTutor. Gjennom det kan eg gjere mitt for at fleire kan få ein meir handterbar skulekvardag. Eg synest det er spanande å jobbe tett med elevar, forstå deira situasjon og samarbeide for meistring.
Som undervisar vil eg bli kjent med eleven og vere ein støttespelar i skulekvardagen. Eg vil gjere arbeidet så forståeleg og handterbart som mogleg. For å skape motivasjon vil eg leggje opp til at eleven får tilpassing til sitt nivå og at vi jobbar mot konkrete mål. Eg vil leggje opp undervisninga ut ifrå korleis eleven arbeider og lærer best.
Eg gler meg til å bli kjent med deg og jobbe saman med deg!