Hei og velkommen til min profil!
Mitt navn er Jens og kjem opphavleg frå Skottland, men flytta til Stavanger saman med familien min då eg var ni år gammal. Eg studerer for tida arkitektur ved AHO. På fritida er eg glad i å lesa, spela musikk og teater, og gå turar i skog og fjell.
Eg har mykje erfaring med å arbeida med barn, først og fremst gjennom fleire år som barnehagearbeidar. I tillegg har eg vore eit halvt år i Nepal, der eg jobba frivillig som engelsklærar på skular i hovudstaden Kathmandu. Eg har og ein CELTA-kvalifikasjon, eit firevekers kurs retta mot undervisning i engelsk som framandspråk. Vidare har eg teke eit årsstudium i teater og pedagogikk ved Universitetet i Stavanger.
Som undervisar er eg oppteken av å skapa eit trygt og godt læringsmiljø der eleven tør å stilla spørsmål, prøva seg fram og gjera feil. Eg meiner at det er viktig å bli kjend med eleven og finna ut kva som motiverer akkurat dei. Med humor, kreativitet og ei positiv tilnærming ønskjer eg å gjera undervisninga både spennande og morosam.
Gjennom studiet i teater og pedagogikk har eg blitt glad i å bruka teaterøvingar som læringsverktøy. Eg synest det er ein fin måte å skapa innleving og engasjement i fagstoffet på. Eg ønskjer å finna kreative måtar å forklara ting på, slik at eleven både kjenner seg trygg og får lyst til å læra meir.
Jeg gleder meg til å bli kjent med min kommende elev!