Hei og velkommen til min profil!
Eg heiter Ane og er elev på vidaregåande skule. Eg trivst svært godt med både skule og trening, og på fritida driv eg med skiskyting og langrenn. Eg er ein aktiv person som generelt likar å vere ute, og vil beskrive meg sjølv som strukturert, positiv og målretta.
Eg har erfaring med å hjelpe søsken med skulearbeid, og har spesielt hjelpt til mykje i matematikk. Når eg hjelper, er eg opptatt av først å finne ut kva du synest er vanskeleg, og kva du allereie meistrar. Eg synest det er viktig å kartlegge dette før ein startar, slik at ein kan planlegge eit undervisningsopplegg som passar eleven og behovet deira.
Som undervisar ønskjer eg å skape eit trygt læringsmiljø der eleven tør å stille spørsmål og lære i sitt eige tempo. Eg veit at alle lærer ulikt, og prøver derfor å forklare ting på fleire måtar slik at eleven kan forstå stoffet best mogleg. Eg legg også stor vekt på motivasjon og meistring i læringa.
Eg er undervisar fordi eg synest det er kjekt å hjelpe andre med skulearbeid, samtidig som eg får dele kunnskapen min med andre elevar. Eg veit kor viktig det er å få gode forklaringar når ein står fast, og ønskjer å bidra til at elevar opplever meistring, motivasjon og læringsglede.
Eg gleder meg til å bli kjent med min kommende elev!