Hei og velkommen til min profil!
Eg heiter Siri, og er utdanna utøvande musikar, musikkpedagog og yogalærar. I tillegg arbeider eg som coach med fordjuping i nervesystemet, emosjonsfokusert terapi og prestasjon under press. Denne kombinasjonen gjer at eg møter kvar elev med både fagleg kompetanse og eit heilskapleg blikk.
På fritida er musikk ein stor del av livet mitt, og eg syng og har tidlegare spelt mykje fotball. Eg er også interessert i friluftsliv, yoga, meditasjon og natur. Eg er opptatt av å finne ro og balanse både fysisk og mentalt, og liker å utforske nye måtar å utvikle meg på.
For meg handlar god undervisning om å sjå heile eleven. Eg trur ikkje det finst ein riktig måte å lære på, vi er alle ulike, og nettopp det som gjer deg unik, er også ei styrke. Eg ønskjer å møte kvar elev der dei er og finne dei metodane og verktøya som fungerer best for den enkelte.
Eg har brei undervisningserfaring frå både éin-til-éin-undervisning og grupper. Eg har jobba som musikklærar i kulturskule, grunnskule og vidaregåande skule, i tillegg til å ha vore tilkallingsvikar ved fleire skular. Eg har også erfaring som yogalærar, terapeut og coach, og har jobba som støtteperson for barn med særlege behov i Osloskulen.
Som undervisar er eg roleg, tydeleg, kreativ og tolmodig. Eg ønskjer å skape eit trygt rom der eleven får utforske, lære og utvikle seg i sitt eige tempo. Saman finn vi strukturar og verktøy som gjer læringa levande, leikande og lettare å ta til seg.
Eg veit kor mykje tryggleik betyr for læring og meistring. Som musikar og sjølvstendig næringsdrivande har eg sjølv kjent på prestasjonsangst og nervøsitet, og i dag bruker eg denne erfaringa til å hjelpe elevar med å byggje sjølvtillit, finne ro og stole på si eiga stemme.
Eg er undervisar hos GoTutor fordi eg ønskjer å bidra til at elevar opplever læring som trygt, meiningsfullt og inspirerande. Målet mitt er at kvar elev går frå timen med litt meir tru på seg sjølv enn då dei kom.
Eg gler meg til å bli kjend med min kommande elev!