Hei og velkommen til min profil!
Mitt navn er Karita og eg er ein roleg og open person som trivst godt saman med ungdom. Eg har seks års erfaring som lærar, og har også sensurert mange munnlege eksamenar på vidaregåande, både eleveksamenar og privatisteksamenar, noko som har gitt meg god innsikt i både fag og vurdering.
Eg likar å bli kjent med folk og forstå kva som motiverer dei. I kvardagen er eg ganske strukturert, men også fleksibel når det trengst. På fritida set eg pris på å lese, vere i aktivitet og halde meg oppdatert på fag og samfunn. Eg er nysgjerrig av natur, og det tek eg med meg inn i jobben, eg prøver alltid å sjå ting frå fleire sider.
Eg prøver å vere ein tydeleg, trygg og støttande lærar. For meg er det viktig at elevane kjenner seg komfortable nok til å stille spørsmål og tørre å seie det dei meiner. Eg er oppteken av å forklare ting på ein enkel og forståeleg måte, og tilpasse undervisninga etter nivået til den eg jobbar med.
Erfaringa mi som sensor har gjort meg bevisst på kva som blir lagt vekt på i vurdering, særleg munnleg, og eg prøver å gi elevane konkrete råd som dei faktisk får bruk for. Eg legg også vekt på dialog og aktiv deltaking, ikkje berre «gjennomgang».
Eg jobbet som nettundervisning fordi det gir rom for tettare oppfølging av den enkelte elev. Eg synest det er motiverande å kunne hjelpe elevar som treng litt ekstra støtte, eller som ønskjer å utvikle seg vidare. For meg handlar det mykje om å bidra til meistring og tryggleik i faga.
Jeg gleder meg til å bli kjent med min kommende elev!