Hei og velkommen til min profil!
Eg heiter Eline og er ei positiv, tolmodig og engasjert jente som likar godt å arbeide med menneske. Eg har jobba både i barnehage og i eldreomsorga, og trivst godt med å møte og bli kjent med ulike menneske.
På fritida likar eg å vere aktiv, vere med venner og strikke. Eg likar også å trene, gå på tur, jogge og gå på fjellturar. Eg likar å utfordre meg sjølv, og synest det er gjevande å kunne hjelpe andre og sjå dei utvikle seg.
Som undervisar vil eg sjølv påstå at eg er tolmodig og tilpassingsdyktig. For meg er det viktig å tilpasse undervisninga etter den enkelte eleven og deira behov. Eg meiner at god undervisning handlar om å skape eit godt og trygt miljø der det er lov å stille spørsmål, gjere feil og prøve på nytt.
Jeg gleder meg til å bli kjent med min kommende elev!