Hei og velkommen til min profil!
Eg heiter Marie og er ein nysgjerrig og kreativ person som likar å utforske nye ting og forstå korleis verda rundt oss fungerer. Eg likar å vere skapande, og har som regel minst eitt kreativt prosjekt på gang på fritida.
Eg har ein bachelorgrad i Environmental Sciences og ein mastergrad i Textile Engineering. Gjennom studia har eg budd og studert i fire ulike land, noko som har gitt meg høve til å utforske nye miljø og møte ulike perspektiv. Eg har ein brei fagleg bakgrunn innan naturvitskaplege og tekniske fag, og ei sterk interesse for å forstå samanhengane mellom teori og praksis.
Eg har tidlegare arbeidd som symjelærar og som kursleiar hos Forskarfabrikken, der eg hovudsakleg har undervist elevar på 2.–6. trinn. Som kursleiar har eg hatt ansvar for å gjennomføre eksperiment og praktiske aktivitetar saman med elevane, slik at dei får utforske naturvitskaplege tema og oppdage korleis teori heng saman med verda rundt dei. Dette er ein måte å lære på som eg sjølv set stor pris på.
Som undervisar ønskjer eg å gjere faga relevante og interessante ved å knyte det ein lærer på skulen til konkrete døme frå kvardagen. Eg er oppteken av å skape ein trygg og positiv læringssituasjon der det er rom for å stille spørsmål, prøve seg fram og lære av feil. Målet mitt er ikkje berre at eleven skal forstå eit tema, men òg å bidra til at dei blir meir nysgjerrige og får tru på si eiga evne til å lære.
Eg gleder meg til å bli kjent med min kommande elev!