Hei!
Eg heiter Berit og kjem frå Sandane. Eg studerer til å bli grunnskulelærar for 1.-7. trinn ved OsloMet. På fritida likar eg å spele fotball, vere aktiv, vere med vener og tilbringe tid ute i naturen.
Som person er eg imøtekomande, glad, tilpassingsdyktig, arbeidsam og omsorgsfull. Eg har arbeidd mykje med born og unge, og har blitt veldig glad i det. Eg trivst svært godt i lag med andre, og synest det er givande å bidra til meistring, motivasjon og lærelyst.
Eg har vore tilsett i ein barne- og ungdomsorganisasjon som heiter Acta i 1,5 år. Der har eg arbeidd med leir- og lokallagsarbeid for aldersgruppa 4-19 år, i Nordfjord. Eg har over fleire år vore leiar på mange leirar for den aldersgruppa. Stillinga i Acta besto av lagsbesøk og hovudansvar for arrangering av 6-8 leirar i året. Før det var eg eit par månadar i Kambodsja og besøkte fleire lokale bistandsarbeid knytt til idrett og ungdom. Eg hadde òg eit opphald i Kenya på 4,5 månadar der eg fekk oppleve mykje spanande arbeid for born og unge i varierte livssituasjonar. I tillegg har eg hatt ulike jobbar på kafé, hotell, treningssenter, folkehøgsskule og vore fotballtrenar for jenter i aldersgruppa 10/11. Erfaringane har gjort meg tryggare som vaksenfigur og som leiar.
Eg hadde 13 gode år med skulegang sjølv, der eg kom meg fint gjennom det faglege. På vidaregåande gjekk eg Idrettslinja på Firda VGS. No på lærarstudiet held eg på med norsk, matte og pedagogikk. Framover skal eg ta faga kroppsøving og samfunnsfag. Eg har erfaring frå leir, praksis og idrett med elevar/unge med ADHD, dysleksi, autisme, Asperger, lærevanskar og fysiske funksjonshemmingar.
Eg valde lærarstudiet fordi eg har lyst på ein jobb der eg får meiningsfull tid saman med unge. Som lærar får ein moglegheit til å møte elevane på ein personleg måte. Ein spelar ei avgjerande rolle i kvar enkeltelev sin kvardag. Med det som grunnlag, er eg veldig fornøgd med å kunne arbeide i GoTutor. Som hjelpelærar får eg bli godt kjent med elevar og leggje til rette for mest mogleg læring og utvikling for den enkelte.
Som hjelpelærar ønskjer eg først og fremst å bli kjent med deg som elev og vere ein støttespelar. Eg vil setje meg inn i det du opplever som utfordrande, og tilpasse undervisninga etter dine behov. Eg trur på å jobbe saman, stille spørsmål og finne løysingane i lag – ikkje berre gi deg ein fasit. For å skape motivasjon vil eg finne ut korleis det er best for deg å jobbe og tilpasse opplegget etter det. Eg vil gjere stoffet handterbart og forståeleg, og setje konkrete mål vi skal jobbe mot.
Håpet mitt er at du skal oppleve skulearbeidet som litt lettare og meir motiverande, og at du skal kjenne på meistring og tru på deg sjølv. Eg håpar vi kan bli eit godt team, og eg gler meg til å bli kjent med deg!