Hei og velkommen til min profil!
Eg heiter Jelena og studerer rettsvitskap (jus) ved Universitetet i Bergen. Eg er omtenksam, strukturert og tolmodig, og trivst godt i kontakt med menneske. Eg ønskjer å bruke kunnskapen min og engasjementet mitt til å hjelpe elevar med å oppnå meistring og gode resultat.
Eg er glad i å forklare fagstoff på ein enkel og forståeleg måte, og synest det er givande å sjå andre utvikle seg. Gjennom arbeidet mitt i elevrådet på vidaregåande skule har eg fått betre innsikt i korleis elevar lærer på ulike måtar, og kor viktig det er å tilpasse læringa til den enkelte.
Eg har også jobba tre sesongar på restaurant og jobba deltid på apotek i studietida. Gjennom desse erfaringane har eg møtt mange ulike menneske, og fått erfaring med kommunikasjon, samarbeid og å tilpasse meg ulike situasjonar.
Eg har ein solid fagleg bakgrunn frå vidaregåande, med fordjuping i matematikk, samfunnsfag og økonomi. Denne kombinasjonen har gitt meg sterke skriftlege ferdigheiter og ei breiare forståing av fleire fag.
Når det gjeld læringsprosessen, er eg opptatt av å sjå dei store linjene og måla i faget. Eg er bevisst på at det ikkje berre finst éin veg til gode resultat, og ønskjer å finne studieteknikkar og verktøy som gjer det lettare for den enkelte å lykkast.
Som privatlærar ønskjer eg å vere ein person som skaper eit trygt og motiverande læringsmiljø, og som hjelper eleven med å byggje både fagleg forståing og sjølvtillit.
Eg gleder meg til å bli kjent med min kommende elev!