Hei, og velkommen til min profil!
Eg heiter Adrian og går musikklinje på vidaregåande skule. Eg har stor interesse for musikk og instrument, i tillegg til sport og andre aktivitetar. På fritida driv eg med fotball, tennis, dansar hip hop og styrketrening.
Som person er eg opptatt av å skape ein god relasjon med eleven, noko eg meiner kan gjere læringa lettare og kjekkare. Eg vil forklare faginnhaldet roleg og presist, og passe på at eleven heng med på læringsopplegget. Eg ønskjer å tilpasse undervisninga til den enkelte eleven, slik at eleven kan kjenne på meistring og motivasjon gjennom læringsopplegget.
Eg har tidlegare jobba i barnehage, der eg fekk erfaring med å sørgje for at alle barna får positive opplevingar kvar dag. Denne erfaringa ønskjer eg å ta med meg vidare inn i undervisninga for å skape det best mulig for eleven.
Eg er undervisar hos GoTutor for å kunne dele erfaringane mine med andre elevar. Målet mitt er å få eleven til å kjenne på meistring i faget og gi eleven sjølvtillit innanfor faget.
Eg gleder meg til å bli kjent med min kommende elev!