Hei og velkommen til min profil!
Eg heiter Matijus og går første året på sivilingeniørstudiet ved NTNU. Som person vil eg beskrive meg sjølv som tolmodig, hjelpsam og god til å tilpasse meg ulike menneske og situasjonar. Eg har alltid syntest det er kjekt å hjelpe andre, spesielt når eg kan bidra til at dei forstår noko dei lurer på.
På fritida likar eg å spele volleyball, noko eg meiner har styrkt evna mi til å kommunisere effektivt med andre.
Eg har erfaring med å hjelpe medelevar med skulearbeid, særleg med å forstå fagstoff før prøver. I tillegg har eg vore assistent ved ein barneskule i arbeidsveka. Eg har også arbeidserfaring frå ulike bransjar, mellom anna to somrar på ein kjøtfabrikk, der eg pakka kjøt og reparerte maskiner. Vidare har eg jobba i kiosk, der eg fekk god erfaring med kundeservice, og som servitør på eit hotell.
Då eg gjekk på vidaregåande, likte eg godt å hjelpe andre med å forstå fagstoff. Gjennom dette lærte eg at elevar lærer på ulike måtar. Nokre treng ei konkret forklaring og eit eksempel, medan andre har større nytte av teikningar og grundigare forklaringar som hjelper dei med å visualisere fagstoffet.
Som undervisar er det derfor viktig for meg å tilpasse forklaringane til den enkelte eleven. Eg ønskjer ikkje berre at eleven skal vite kva svaret er, men også forstå korleis og kvifor ein kjem fram til det. Målet mitt er å hjelpe eleven med å utvikle ei god forståing av faget og bli tryggare på eiga meistring.
Eg gleder meg til å bli kjend med min komande elev!