Hei og velkommen til min profil!
Eg heter Jorun og er ein positiv og glad person som har drømmejobben. Til vanlig jobber eg 70 % som lærer gjennom Nettskulen i Vestland og jobbar kvar dag med å lage gode undervisningsopplegg på nett. Dette er noko som veldig enkelt lar seg kombinere med å vere underviser i GoTutor, og som gjer meg til ein underviser som kan bidra i ulike fag og med ulike utfordringar.
Eg er utdanna lektor og har jobba som lærer i over 7 år, både i grunnskule og i vidaregåande. Dei siste 6 årene har eg jobba fulltid som lærer på vidaregåande og undervist mange ulike klasser og elever.
Som underviser er eg veldig opptatt av at kvar enkelt elev skal få tilpassa undervisninga til deira nivå og deira forutsetningar. Målet er ikkje at elever nødvendigvis skal elske faga mine like høgt som eg gjer, men at dei skal finne meining i faga og mestring i læringsprosessen.
Eg har veldig god erfaring i å møte elever der dei er og lage ein plan saman for å nå målet elevane har. Dette kan vere alt frå å klare ein 2-er på ei prøve til å få ein 6-er på eksamen. Uansett kva målet er, er det viktig med ein god plan som passer kvar enkelt elev best, då ingen er like.
Eg har også ein del erfaring med 1-1-undervisning med spes.ped.-oppdrag og nettundervisning med ungdom som synest skule er vanskelig, og kanskje har slutta på skulen fordi det blir for utfordrande. Eg har lang erfaring i å tilpasse til ulike typar utfordringar som dysleksi, ADHD eller andre ting som kan gjere skule og fag vanskelig. Dette er problemstillingar eg står i kvar dag, så det å skape motivasjon er viktig for meg. Dette kan vere alt frå å finne eller lage tilpassa undervisningsvideoar, ulike former for «test deg sjølv» og læringsaktivitetar både fysisk og på nett.
Elles er eg eit menneske med høg arbeidskapasitet, alltid eit smil på lur og mange ulike interesser. På ein solskinnsdag finn du meg gjerne på veg til Ulriken eller på andre fjellturar, og på regnvêrsdagar – som ein nyinnflytta bergensar må bli vant til - likar eg å lage god mat, sjå seriar, lese bøker, strikke og trene på treningssenter.
Eg gledar meg til å hjelpe elevar i ulike aldrar og i ulike fag med å nå sine mål!