Hei og velkommen til min profil!
Mitt navn er Nora, eg er 22 år, og studerer til å bli grunnskulelærar for 1-7. klasse med master i norsk. Eg er no på mitt fjerde år i studieløpet. Eg har vore referansestudent i tre av norskemna eg har tatt. I tillegg har eg hatt KRLE og spesialpedagogikk som fordjupingsfag. Eg er veldig glad i litteratur og språk, og har ei stor interesse for å skrive eigne tekstar. I tillegg synst eg både klatring og dans er kjempegøy!
Eg ynskjer at alle skal få oppleve meistring, og at undervisinga er tilpassa deira eigne evner. Eg trur at undervising basert på elevane si eiga erfaring gagner dei. I tillegg vil eg at elevane skal sjå at det dei lærer er relevant for deira liv og kvardag. Eg vil vere eit støttande stilas i deira utvikling, ergo vil eg vere ein veiledar framfor ein autoritet.
Eg har vore i praksis fleire månedar i løpet av utdanninga mi, og har fått erfaring med eit mangfald elevar. Eg er glad i å lære bort, og vil at kvar enkelt skal få ei undervising som passar dei godt. Gjennom praksis har eg hatt erfaring med elevar med behov for ekstra tilrettelegging. Her har eg vore ein ressurs for elevar med autismespekterforstyrring samt elevar med anna morsmål enn norsk. Nokre av elevane eg har møtt, har også hatt individuell tilrettelagt opplæring, som eg og medstudentar har fått innsikt i.
Eg er undervisar hos GoTutor for å leggje til rette for at elevane kan oppleve meistring. For at dei får ei undervising som er tilrettelagt for dei, og for at dei skal utvikle seg i fag.
Jeg gleder meg til å bli kjent med min kommende elev!