Hei og velkommen til min profil!
Eg heiter Ada og kjem frå Dale i Sunnfjord, men studerer for tida i Bergen. Eg har eitt år bak meg i militæret og har også fullført eitt år på rettsvitskap ved Universitetet i Bergen. No studerer eg byggingeniør ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), då eg er glad i realfag og kjende at dette studiet passa betre for meg.
På vidaregåande hadde eg både T-matematikk, R1, R2, fysikk 1 og fysikk 2, og eg kjenner meg trygg i desse faga. Eg har også erfaring med å hjelpe medstudentar med skulearbeid, der eg gjerne deler tips og triks og stegvis viser og forklarer korleis ein kan løyse ulike oppgåver.
Som person er eg målretta, sosial og utadvendt. Eg er tolmodig og likar å formidle kunnskap til andre. Eg synest det er motiverande å arbeide med barn og ungdom, og finn det inspirerande å sjå når elevar opplever meistring.
I undervisninga mi legg eg vekt på kreativitet og forståing. Eg ønskjer ikkje berre å vise korleis ein kjem fram til eit svar, men også å hjelpe eleven med å forstå framgangsmåten. Eg er oppteken av å ha ein god dialog med eleven og finne ut korleis han eller ho lærer best. Med positive ord og godt humør ønskjer eg å skape ei trygg og positiv læringsoppleving.
Eg gler meg til å bli kjend med min komande elev!