Hei og velkommen til min profil!
Mitt navn er Hanna og eg kjem frå ei lita bygd i Hardanger, Norheimsund. For tida held eg på med ei mastergrad i norsk på grunnskulelærarutdanninga i Bergen. Utdanninga har gjort meg stødig i både nynorsk og bokmål.
Elles synst eg det er kjekt og gjevande å jobba saman med elevar. Det å oppnå noko i lag ser eg på som verdfullt for begge partar, då får me begge utvikla oss. Men for at me skal kunna arbeida saman må det ligga ein god relasjon i botn, uansett! Eg vil undervisa, utfordra og byggja kunnskap til eleven i eit passande tempo. Ein kjem ingen veg utan at eleven er trygg.
Som undervisar er eg tolmodig, og har evna til å tilpassa meg ulike elevar sine behov. Utanom det, skapar eg god undervisning ved å, fyrst og fremst, danna gode relasjonar. Deretter anser eg meg som fagleg stødig i visse fag, noko som gjer det lettare å vera fleksibel, samt mottakeleg for kommentarar og spørsmål. Dette opnar vidare moglegheita for eventuelle faglege diskusjonar saman med elevane. Å vise til eksempel, bruke konkretar og modellar for å supplementera undervisninga er også noko eg ofte tek i bruk.
Eg har ei stor interesse for språk, og ynskjer med det å skapa lese- og skriveglede!
Jeg gleder meg til å bli kjent med min kommende elev!